søndag 27. mars 2016

Vårlig inspirasjon

No nærma påska seg slutten, og eg har fått kosa meg på jobb og med litt hobby :)
Denne gangen har eg laga ei eske til melkehjerte. Denne har eg laga som inspirasjon til utfordringa vi har gåande Vår i luften.

Sponsorane våre denne måneden er All dressed up og Wycinanka.



Sidan eg ikkje har brukt noko frå Wycinanka på eska, fant eg ut eg skulle lage ei PL side og. Det er ikkje ofte eg lager slike sider, så eg kan vel kalle meg ganske fersk ;) Dette er bilder fra forrige veke når eg hadde friveka mi og vi hadde skikkelig flott vêr og eg kom i vårstemning :)


For fleire detaljer, ta gjerne turen innom bloggen min. Då håper eg dokke nyter dei siste dagane av denne påska. Og det er enda tid til å vere med på utfordringa vi har, så hiv deg rundt :)

Klem DT-Annelen



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar